Stillferd

It just widens the experience of the music
— Sylvia Sundqvist

Stillferd er ei rekkje konsertmeditasjonar med pianist og lyttelos Annabel Guaita og meditasjonslærar Piotr Marcinów. 

Konseptet vart først presentert under Hardanger Musikkfest 2024 og på Bergen Kulturnatt same året. I 2025 vart det teke vidare til Noregs Yogafestival, der det blei eitt av dei mest populære og særmerkte innslaga.

Ordet stillferd er sett saman av stille og ferd – altså ei roleg reise. Det peikar mot ei ferd utan støy, der ein beveger seg varsamt og medvitent, både i det ytre og det indre.

Gjennom musikk, meditasjon og ettertanke inviterer Annabel og Piotr deltakarane inn i ei heilskapleg oppleving for kropp, sinn og sansar. Her vert du oppmoda til å lytte – ikkje berre med øyro og tankane, men med heile kroppen: pust, rørsle, kjensler og stillheit.

That was so powerful. I really felt it
— Appa Steen

Innhald
Dette kan vere ein serie på 2–6 program eller eit enkeltståande program. Kvart program tek for seg eitt musikalsk verk.

Kvart program varer 75 minutter og inneheld:

– Musikalske framføringar av klaververk av Bach, Beethoven, Debussy, Grieg, Geirr Tveitt, Arvo Pärt m.fl.
– Guida meditasjon.
– Vegleidd musikalsk lytting og samtale.
– Refleksjonar kring kva det betyr å verkeleg lytte – til kvarandre, til seg sjølv, og til verda omkring oss.

Vi går inn i tema som:
• Balanse og skjønheit
• Indre rørsle og rytmane i livet
• Glede og naturens pust
• Å møte det ukjende
• Flyt og forløsning
• Stillheit og nærvær

Du treng ingen forkunnskapar, berre eit ope sinn og vilje til å lytte – med heile deg
— Annabel & Piotr

Om Annabel
Med ein kunstnarleg doktorgrad på Fartein Valens klavermusikk og ein djup lidenskap for lytting, har Annabel Guaita i mange år utforska korleis musikk blir formidla, opplevd – og får liv i møtet med publikum.

Til dagleg er ho førsteamanuensis ved Griegakademiet i Bergen, der ho underviser i kritisk refleksjon og kunstnarisk formidling. Scena er like viktig for henne som seminarrommet – og ho elskar å eksperimentere med nye former for konsertopplevingar.

Les meir…

Piotr Marcinów kjem opphavleg frå Polen, men har funne sitt heim i Bergen. Med mastergrad i filosofi – med særleg vekt på austlege tradisjonar – og over 30 års erfaring med yoga og meditasjon, har han utvikla ei djup forståing for samspelet mellom kropp og sinn. Han har spesielt fordjupa seg i den buddhistiske metoden metta – ein praksis som fremjar kjærleik, venleik og indre ro. Les meir…